Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk for støtten til årets fasteaksjon!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. mars 2024

Kirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto. 

Innbetalingane til Vipps 2426 blir i år vist samla for heile landet, og vil som tidlegare bli jamnleg oppdatert under totalresultatet på fasteaksjonen.no. I år kan ikkje Vipps levere donasjonsdata til Kirkens Nødhjelp som gjer det mogleg med løpande oppdateringar på menigheitsniva, kommune- eller fylkesnivå. Kirkens Nødhjelp skriv at dei beklagar dette sterkt, og at dette er ei endring Vipps ikkje har gjeve noko varsel om på førehand. Dette inneber mest truleg at Vipps-innbetalingar til 2426 på menigheitsnivå først blir synleg etter at årets fasteaksjon er avslutta, tidlegast i juni.    

Førebels resultat etter oppteljing av kontantar ved bøsseinnsamlinga for fasteaksjonen i Surnadal syner at:

  • Øye og Ranes sokn: kroner 26.047
  • Åsskard sokn : kroner 14.896,-
  • Stangvik sokn: kroner 10.302,-
  • Mo sokn: kroner 8.296,-
  • Todalen sokn: kroner 4.357,-

Her er altså bidrag gjeve via Vipps ikkje med i tala, så sluttresultatet for Surnadal kommune totalt og for sokna vil nok bli ein god del høgare enn dette.

Det er framleis mogleg å gje eit bidrag til fasteaksjonen via Vipps 2426!  

Publisert: 21. mars 2024, 15:15