Tysdag ettermiddag og kveld samla årets konfirmantar, sokneråda og andre frivillige inn pengar til den årlege «Fasteaksjonen». I Surnadal kommune vart det til saman samla inn 99.976, -. Dette gjev reint vatn til rundt firehundre menneske.
– Takk til alle som gav et bidrag, konfirmanter, foreldre og frivillige som deltok på innsamlingen den 28. mars, seier Gro Hauge Venås ved kyrkjekontoret i Surnadal. – Vi beklager at ikke alle fikk besøk av bøssebærere i Øye og Ranes sokn, dette skyldes at vi ikke hadde nok bøssebærere, legg ho til.
Dei som enno ikkje har fått høve til å gje sitt bidrag til årets «Fasteaksjon», kan gjere dette via Vipps 2426.
Her er resultatet frå årets «Fasteaksjon» I Surnadal kommune:
Åsskard sokn : kroner 32.304.,-
Øye og Ranes sokn: kroner 32,159,-
Todalen sokn: kroner 17.455,-
Stangvik sokn: kroner 10.685,-
Mo sokn: kroner 7.376,-