På denne dagen må vi berre takke deg for besøket i 2013. Dere var mange som «stakk innom» oss på besøk i løpet av året. Todalen.no hadde i løpet av 2013 heile 343.483 besøk på nettsida, og dette er ein auke på 25,6% samanlikna med 2012.
Ein del av denne auken har nok si enkle forklaring, og der er datoen 31. juli ganske sentral. Da gikk raset uti Stranda og isolerte Todalen. Dette var nok den mest leste enkeltsaka i løpet av året, og denne dagen hadde vi 3338 besøk på nettsida. I løpet av august var det 54 617 som var innom sida for å orientere seg om situasjonen. – Eller kanskje berre innom for å orientere seg om rutetida for hurtigbåten eller ferja. Men mange har nok hengt med oss vidare, for i desember månad nådde besøkstalet 30.245 totalt. Antal unike besøk var i desember på 6642.
I løpet av 2013 er det 52204 forskjellige (unike) lesarar som har vore innom for å lese nytt frå Todalen. Vi håpar sjølvsagt at du blir med oss vidare, og tek turen innom Todalen.no for å lese om nytt frå Todalen «kvar einaste dag».
Godt nyttår!
Helsing redaksjonen
Ole Petter, Elinor og Jon Olav