Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk for at du var med oss..!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. desember 2017

Vi er komne fram til årets siste dag, og vi har lagt attom oss eit år med mange hendingar og stor aktivitet på mange frontar. På Todalen.no har vi hatt ca 438.000 besøkande i løpet av året, og det er omtrent same tal som i fjor. Tala er imidlertid endra – det er stadig fleire som besøker nettsida som brukar telefonen i staden for datamaskin/Laptop. Positivt er det også at stadig fleire nye lesarar kjem til – i 2017 har talet unike besøkande auka med knappe 2% og er no oppe i 91.000. Da kan vi iallfall konkludere med at det er ikkje berre todalingar som «stikk innom» sida.

Det er litt rart at vi no skal venne oss til å skrive 2018 i staden for 2017, men det går nok bra etter kvart. Vi vil også i det nye året prioritere lokale nyheiter, og nyheiter som er interessant og viktige for oss som bur i Todalen eller har ei eller anna tilknyting til bygda. Vi er og prisgitt at vi får tips om ting som skjer, og at både lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar  støttar oss økonomisk gjennom medlemsskap.  Vi håper at alle blir med oss vidare og at vi kan skje kan få fleire nye «med på laget».

Vi i redaksjonen – Dordi Jorunn, Mari, Elinor og Jon Olav – ønskjer alle eit

Godt nyttår!

 

Publisert: 31. desember 2017, 14:05