Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Taekwondo – sosial kveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Fredag 23. mai 2025

Surnadal Taekwondo-klubb ligg heilt i tet i Taekwondo-miljøet i Norge.  Kvart år er det stormønstring i regi av klubben og Nordmøre Folkehøgskule som arrangerer samligar i fleire omgangar utover sommaren.  No er det og ei samling med deltakarar frå meir eller mindre heile landet, men fleirtalet er trønderar.  

Heile gjengen samla, og varma opp med litt allsong for grillmaten vart servert. Foto Jon Olav Ørsal

Dei fleste er godt vaksne som driv med Taekwondo for å halde seg i form for å ta vare på helsa si – det går ut på å trene balanse, styrke og sjølvforsvar. No er det rundt 80 deltakarar som er i Surnadal for å lære mer om Taekwondo, og for å få inspirasjon til å utvikle seg vidare.  

Kjell Gunnar Polden fortalte om Talgøhistoria som starta nettopp her på Gammelfabrikken for 125 år sia. Foto Jon lav Ørsal

Torsdag kveld var dei samla på Gammelfabrikken i Brusetmarka for å slappe av mellom slaga og for å være litt sosiale og ikkje minst for å bli betre kjente med kvarandre.  Kjell Gunnar Polden var primus motor for arrangementet, og hadde snekra saman litt underhaldning og sørga for at det vart fyr på grillen.  Heile arrangementet var basert på dugnad, og han hadde fått med seg gode hjelparar for å fa det til.  

Bildegalleri frå samlinga på Gammelfabrikken – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. mai 2025, 05:00