Søndag 21. oktober er dagen for den store innsamlingsaksjonen som går på NRK1. I år er det Amnesty International Norge som er formålet. Amnesty arbeider for å avdekke grove brot på menneskerettane i fleire deler av verda. Slgaordet er «Stå opp mot urett». Fjorårets innsamlingsaksjon gikk til Norsk Folkehjelp, og dei klarte å samle inn heile 219 mill. Målet i år må væra å klare minst like mykje og kanskje litt meir? Så ta vel i mot bøssebærarane, og gi så det svir!
Her kan du lese meir om kva pengane går til, på heimesida til Amnesty International Norge. I Todalen er det 6 bøssebærarar, tre på kvar side av bygda. Dei starta innsamlinga kl 15, og rekna med å væra ferdig i løpet av eit par timar.