Den store rododendronblomstringa er nok over for i år, men ein tur til Svinsviks arboret er langt i frå bortkasta fordi. Det er mykje anna å sjå og oppleve, og ikkje minst er stigane gjennom «1000-meterskogen» ein fin plass for å finne ro og fred i sjela. Her kan du rett og slett sette deg ned og drøyme deg bort frå ein travel kvardag.

Sissel Halset Storslett er vertinne på kafeteriaen – vi kan trygt anbefale eplekake med krem! Foto: Jon Olav Ørsal
Vi kan trygt anbefale ein tur i arboretet, ikkje minst eit besøk i kafeteriaen der du kan kjøpe deg ein kaffekopp og dagens kake som er ferfekt for å nytes i uterestauranten på slike dagar som idag – med godt over 20-talet på gradstokken. Her kan du også ta med barn og barnebarn og trøye av ei god stund langs stigane gjennom skogen.
Arboretet er ope onsdag til søndag i tidsrommet 11-16