Arrangørane til morgondagens Todalsdag oppmodar todalingane til å benytte sykkel som transportmiddel i morgon tidleg. – Vi har litt mindre parkeringskapasitet rundt Talgø i år, derfor oppfordrar vi todalingane til å finne fram sykkelen når dei skal på Bordholmen i morgon, seier Nils Ove Bruset i idrettslaget.
Det er derfor viktigare at gjestande deltakarar og støtteapparat får plass på anvist parkering ved fotballbanen og Sias, før ein eventuelt tek framsida på Talgø i bruk.