Det er Solveig Glærum som kjem med denne oppfordringa. Ho seier at det er alt for ofte at ho kjører gjennom tunellen at ho treffer syklistar og gåande som ikkje har lys fram og bak på sykkelen – og ikkje skikkeleg refleks.
Det er livsfarleg å opphalde seg i tunellen uten å være skikkeleg utstyrt med lys eller refleks. Her er det stor biltrafikk ut og inn frå Todalen, og dei fleste held nok minst lovleg fart som her er 80 km i timen. Det blir veldig stor kontrast når billistane kanskje kjem frå sollys utafor tunellen og kjører inn i tunellen, og derfor livsfarleg å opphalde seg i tunellen uten lys eller skikkeleg refleksutstyr.
Solveig bur på Hjellnes og trafikkerer Svinviktunellen kvar dag, og ho har opplevd farlege situasjonen fleire gong. Ho har opplevd og vorte skikkeleg skremt fleire gong når ho har treft folk i tunellen, og ho føler ansvar som billist for å seie frå slik at folk skjerpar seg.