Denne søndagsmorgonaen er det 3 gevinstar i adventlotteriet til Todalen Idrettslag. På denne dag er det altså trekt ut 3 gevinstar som har fått sine vinnarar. Den første gevinsten er eit sitteunderlag i ull (om det er strikka eller hekla er vi usikker på) og heldige vinnarar er Gunhild og Håkon Brøndbo som bur på Brubakkan.
Marte og Amin i Trondheim slo til som vinnarar på gevinst nr 2 som er eit par ullvottar. Godt å ha eit par ullvottar å varme seg på sjølv om det i dag er meldt null-føre.
Dagens 3. og siste gevinst er ein pose med tennbrikkettar. Med disse er det lett å få fyr i omnen, og dagens vinnar er som sagt Ragnhil Ansnes Moe på Kvernhaugen.
Alle vinnarane blir etter arbeidstid kontakta av TILs trimmgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. Elles gjeld det å henge med vidare – det blir trekning av nye gevinstar kvar dag fram til jul her på Todalen.no.