Thea Saksen startar helga som den heldige vinnar av eit par Selbuvottar i ull. Det er dagens første gevinst av i alt 4 som er trekt ut som vinnarar for laurdag 7. desember.
Dagens andre gevinst er eit sokkpar i ull, som vart trekt ut til Lisbet Ranes som bur i Surnadal.
Dagens 3 gevinst er ei flaske heimelaga saft – med rips, stikkelsbær og solbær. Elin Tørset vart vinnar – ho bur og i Surnadal.
Dagens 4. og siste gevinst er eit innrama bilde med motiv frå Todalsøra – vinnar var Arndis Søyset frå Smålandsgrenda.
Alle vinnarane blir etter arbeidstid kontakta av TILs trimmgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. Elles gjeld det å henge med vidare – det blir trekning av nye gevinstar kvar dag fram til jul her på Todalen.no.