På julekalenderlotteriets nest siste dag er det og 5 gevinstar som skal bli forena med nye eigarar. Første gevinst ut i dag er ein flott ullgenser som var trekt ut til Unni Talgø, som bur i Tafjord.
Den andre gevinsten hamna på Myrmo, hos Jean Kvendset – gevinsten er ein tilpassa treningstime med Nordmøre AKU
Kjell Gunnar Polden vart vinnar av 2 bokar med ferskostkuler frå Todalen Meieri.
4. gevinsten i dag er ein stor pose med kanellsnurrar – her var det Carina Talgø som trekte vinnarlodden!
Trym Søyset Holmestad (med bestemor på Heimstad) vart vinnar av dagens siste gevinst, som var ei dreid treklokke i furu.
Alle vinnarane blir etter arbeidstid kontakta av TILs trimmgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. Elles gjeld det å henge med vidare – det blir trekning av nye gevinstar kvar dag fram til jul her på Todalen.no.