I dag skriv vi fredag og 20. desember – 5 gevinstar ligg klare til trekkjing på gevinstbordet. Første gevinst ut i dag er eit heimestrikka ulltrekk til tennbrikettar – det vart trekt ut på Tæljan eller om du heller vil Talgø Gard.

2. gevinsten i dag vart ein boks med heimebaka «brune pinnar» – den vart trekt ut på Magne Søyset som vinnar. Foto TIL trim
Dagens andre gevinst er ein boks med heimebaka brune pinnar – her vart Magne Søyset trekt ut som vinnar.
Den tredje gevinsten hamna på Kvennset, hos Carina Talgø på Kvennli – gevinsten er ein sekk med tørr bjørkeved.
Den fjerde av de 5 gevinstane hamna i Øyagrenda, hos Ståle Ansnes – ein pakke med foccacia brød.

Dagens 5. gevinst er eit par med heimestrikka ullvottar – vinnar vart Innerbaugen hos Rita Halset Storslett. Foto TIL trim
Dagens siste vinnar – gevinst nr 5 er eit par heimestrikka ullvottar – her vart Rita Halset Storslett trekt ut som vinnar.
Alle vinnarane blir etter arbeidstid kontakta av TILs trimmgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. Elles gjeld det å henge med vidare – det blir trekning av nye gevinstar kvar dag fram til jul her på Todalen.no.