18Dagens trekning er unnagjort, og på gevinstbordet er det i dag 4 gevinstar. Dagens første gevinst går til Øyagrenda, der John Moe er det heldige vinnaren av eit par ullvottar.

Dagens andre gevinst bers det til prærien med – her er det Olaug Kvendset som er heldig vinnar av ein sekk med bjørkaved. Foto:TIL trim
Dagens andre gevinst er ein sekk med bjørkaved, tørr og fin og klar til bruk. Vinnar vart Olaug Kvendset i Utigarden Kvendset.
Gevinst nr 3 bers det og til Kvennset med – gevinsten er eit heimestrikka trekk til vinflaske – vinnar vart Eli Bruset på Lyngstad.
Siste gevinsten hamna i Smålandsgrenda – Focciabrød vart vunne av Magne Søyset oppi Moa.
Alle vinnarane blir etter arbeidstid kontakta av TILs trimmgruppe med tanke på utlevering av gevinstane. Elles gjeld det å henge med vidare – det blir trekning av nye gevinstar kvar dag fram til jul her på Todalen.no.