Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. med skaldyrfest – sett av datoen!

Jon Olav Ørsal Måndag 22. september 2014

Styret i Todalen I.L. inviterer alle medlemar til skaldyrfest laurdag 27. september på Pakkhuset Kro.  Det siste året har det skjedd så mykje at no er det på tide at vi alle samlast til ei fest, der alle saman kan være gjestar og ha tid til å slappe av og kose seg, seier leiar i Todalen Idrettslag, Karin Halle. Ho nemner både treningsstudio, lysløpe, fotball, laksefestival og mykje meir – det har nærast vore dugnad og arbeid heile året, så no er det på tide med ein frikveld. Vi har så mykje å takke alle for!

På festa blir det skaldyrmeny, og difor kallar vi det skaldyrfest. Det kunne like gjerne vore årsfest, skalkfest eller innvielsesfest for den saks skuld. Det blir ein hundrelapp i inngangspengar som dekkjer noko av maten og underhaldning. Drikkevarer kjøper kvar enkelt etter eige behov.

Opplegget er enno på planleggjingsstadiet, men det er heilt sikker at det blir Quiz-konkurranse. Kanskje vi da skal blåse liv i grendalaga – Ulv, Troll og Steinbit i denne samanhengen, lurer vi? Sett i allfall av laurdagskvelden den 27. september, så vil det kome påmeldingslister på Matkroken L. Hals etter kvart.

 

 

Først publisert: 22. september 2014, 18:11 - Sist oppdatert: 25. september 2014, 09:05