Todalen I.L. har i år beslutta at dei vil invitere heile bygda på julebord i Ungdomshuset. Det skjer den 17. november, og i første omgang er det berre viktig å reservere helga – eller rettare sagt dagen som er laurdag 17. november. Arrangøren har planer om å lage til tradisjonell julemat, og det blir satsa på alle rettigheter med tilbehøret. Enno er det berre datoen som er klar, men vi kjem med meir info etter kvart.

Vi håpar at mange blir med og lagar eit triveleg julebord – her var det stemning da Hjortfesta 2007 gikk av stabelen. Arkivfoto frå 2007 – Jon Olav Ørsal.
Julebord blir arrangert etter «mønster» frå Torjulvågen, der dei har hatt slikt arrangement i fleire år og har hatt stor suksess med det. Vi trur dette kan bli bra her og, så vi satsar på å prøve dette opplegget, seier Nils Ove Bruset, som er leiar i Todalen Idrettslag. Han poengterer at det er berre datoen som er klar, og TIL vil kome tilbake med meir info om pris, påmelding og anna info etter kvart. – Vi håpar så mange som muleg vil delta på dette, og vi trur det blir artig, seier Nils Ove til slutt.