Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L.: Inviterer til norgesmeisterskap i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2016

13. og 14. februar inviterer Todalen idrettslag og Norges Skiforbund til NM i Randonee i Todalen. Da ventar vi heile norgeseliten til Todalen for å delta, seier rennleiar Nils Ove Bruset, som fortel at arrangementet skal gå i Dalalia ved Kårvatn.  Det er lite som minner om skirenn i Dalalia i dag, men vi har god tru på at det skal bli nok snø i løpet dei komande 5 vekene, seier Bruset. Laurdag er det NM individuelt for alle klassar, medan det søndag blir randoneecup vertikal. No er program og invitasjon klar….

Dette blir 7. gong at Todalen I.L. inviterer til randonee-helg på Kårvatn og 3. gong det arrangerast NM-konkurranse. Ein rutnert stab står klar til å ta i mot deltakarane og arrangere NM i Dalalia. Både laurdag og søndag er det plana at starten skal gå frå Kårvatn, men dersom snøtilhøva krev det vil det bli vurdert andre alternativ, seier Bruset.

Han presiserer at det også blir ein eigen trimklasse, der alle som vil kan delta. – Det kan være artig og nyttig å måle kreftene med de aktive som driver denne sporten både nasjonalt og internasjonalt  – eller du berre vil være med for moro skuld. Så her er det berre å legge seg i trening og bli med opp Dalalia og til Tydalsnebba.

For publikum er det også fine forhold i Dalalia – det er oversiktlig og mange plassar du finn god utsikt til løypa. I midten av februar er det også litt varme i sola og du kan ta med heile familien og kombinere med familietur.

Innbyding til NM og RandoneeCup kan du laste ned her.

Programmet laurdag 13. februar ser slik ut:
NM Individuell
Kl 09  briefing
Kl 10  start trimklasse
kl 11  start NM, aktive
Bankett for deltakarane på kveldstid – meir info seinare

Her finn du link til påmelding for aktive på laurdag:
http://www.skiforbundet.no/telemark/randonee/randone-terminlistesok/arrangement/?eid=299793

Programmet for søndag 14. februar:
RandoneeCup vertikal
kl 09  briefing
kl 10 start trimklasse
kl 11 start aktive

Her finn du link til påmelding for aktive på søndag:
http://www.skiforbundet.no/telemark/randonee/randone-terminlistesok/arrangement/?eid=299794

 

 

Først publisert: 10. januar 2016, 18:00 - Sist oppdatert: 9. januar 2016, 20:49