Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. – Basar med artig og nostalgisk innslag

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2018

Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.

Smørefrie ski med integrerte fellar

Fisher Twin skin Power egnar seg godt både i og utafor lysløypa.

Det blir mange fine gevintar på basarborda. Hovudgevinsten er eit flott skipar av typen Twin Skin Power -smørefrie ski – som er sponsa av Intersport Olaf Moen.  Fischer Twin Skin Power er ei smørefri markaski med innsving og integrert kortfell som det heiter på fagspråket. Ei god ski for deg med eit moderat aktivitetsnivå, som ønskjer å spenne på deg skia utan å måtte tenkje på smørjing og egnar seg ypperlig til bruk i lysløypa. Skiene har Speed Grinding steinslipt belegg som gir god glid, uansett føreforhold. IFP-plate med Turnamic bindingssystem, for enkelt å kunne flytte bindingane utan verktøy.

Elles blir det sjølvsagt sal av kaffe, graut og bakels på basaren. Basarkomiteen tek imot basartingar med stor takk, og ønskjer alle velkomne på basar!

Nostalgisk i Innerdalstårnet – det har nok vorte mange turar dit for Jo oppgjennom åra. Foto: Gunnar Nordvik

 

 

Publisert: 24. oktober 2018, 18:20