Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tømmer septiktankane

Tømmer septiktankane

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2011

For eit par veker sia fekk alle husstandar varsel om septiktømming i veke 29/30. No er er firmaet Miljøservice fra Stryn i gang med tømminga, og dei er nok legg kjennelege med den gule spesialbilen sin. Dei syg opp slammet frå septiktanken og silar bor slamet og sender vatnet i tanken igjen. Slammet blir kjørt til Syltøran og lagra i containere som seinare vert transportert til Meldal for deponering. Tankane vert tømt annakvart år, så neste tømming i Todalen blir i 2013.

To trivelege karar, Per Arvid Rånes frå Averøy og Are Opheim frå Stryn, skal i løpet av eit par veker sørge for tømming av septiktankane over heile bygda. Dei var opptekne av at folk klargjorde tankane og rydda unna blomstrar, kratt og ugras slik at det er lettvint å kome til. Dei som har tankane nedgravne må sørge for å grave fram tanklokket og gjere klart for tømming. Dei ber også om tre og greiner blir rydda slik at dei kjem inn i oppkjøringa med den store bilen, uten at det skjer skade på bilen eller tre og busker.

Miljøservice sitt hovudkontor i Stryn betener ei rekkje kommunar i Sogn og Fjordane, Buskerud, Oppland og Møre og Romsdal. Rånes og Ophaug driv septiktømming på heilårsbasis, men om vinteren driv dei mest i kystkommunane der det er mindre snø. Du finn meir info på nettsida til Miljøservice eller på www.septik24.no.

Publisert: 20. juli 2011, 12:52