Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Synleggjorde det lokale brannvernet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. september 2015

Det lokale brannlaget på Kvanne markerte på sin måte slutten på ei aktiv brannvernveke i Surnadal kommune. Tidlegare i veka hadde skulen i Todalen besøk frå det lokale brannvernet i Todalen, og no var turen komen til det lokale brannvernet på Kvanne. Dei hadde invitert både store og små for å vise fram brannstasjon, utstyret dei har og nytta høvet til å fortelje kva dei dreiv med. I løpet av dagen var eit 50-tal innom for å sjå og prøve – inkludert ordførar Lilly Gunn Nyheim.

3 av dei 8 brannmennene var på plass for å demonstrere og vise fram utstyret, og dei minste sette sjølvsagt stor pris på at dei fikk prøve sløkkeutstyret og sjå korleis dei kunne sløkke brann med brannsløkkingsutstyret, – at dei har fått prøve sløkking kan kanskje vara avgjerande dersom dei får oppleve ein «ekte» brann seinare i livet? – det er i allfall viktig å vere fortroleg med sløkkjeutstyret, seier Svein Stenberg som er ein av to formenn i brannlaget på Kvanne.

Dei lokale brannlaga har ein utruleg viktig funksjon i kommunanes brannvern. Gong etter gong ser vi at dei er først ute på brannstaden og får gjort ein innsats før skaden kjem for langt. Både på Kvanne og i Todalen har dei konkrete eksempel på det, og det betyr at store verdiar blir redda. Dei for 10-minutta er avgjerande i samband med ein brann, blir det sagt. Fordelen med dei lokale brannlaga er at brannfolka bor i nærområdet, og er raske på plass for å rykkje ut til skadeplassen. På Kvanne bora alle dei 8 brannmennene i gåavstand til brannstasjonen, og kan være raskt på skade staden enten det gjelder brann, trafikkulykke eller hjelp med hjartestartar. Brannmennene er skolerte og godkjente brannkonstablar på lik linje med mannskapet på hovudbrannstasjonen i Surnadal.

3 av 8 brannmenn som hører til Kvanne brannlag. Frå venstre Svein Stenberg, Otto Kvande og Per Egil Fiske. Foto: Jon Olav Ørsal

Brannlaget på Kvanne samarbeider sjølvsagt med brannlaga i Surnadal og i Todalen, og har også enkelte øvingar i lag med dei. Samarbeidet vart enklare og betre etter at alle laga fikk det nye naudnettet, slik at dei har mykje betre mulegheit for å kommunisere med kvarande. – Vi kunne tenkt oss fleire øvingar, men økonomien legg heile tida ein dempar på øvingsverksemda, og derfor blir det berre 6 øvingar i året, seier Stenberg som er ein av leiarane for ein entusiastisk gjeng med brannmenn. – Men vi har som oftast øvingar i tillegg på eige initiativ, seier han.

I dag er brannstasjonen på Kvanne utsyrt med ein brannbil med 1000 liters vasstank. Den er og utsyrt med ei stor brannsprøyte, og i tillegg har dei ei mobil brannsprøyte med tanke på skogbrann. I tillegg er dei som sagt utstyrt med hjartestartar, og har beredskap for utrykking med hjartestartaren når det hastar – og når det er behov for hjartestartar, da hastar det som regel, seier Stenberg.

Da vi trefte ordføraren var det naturleg å stille spørsmålet om dei lokale brannlaga hadde grunn til å føle seg trua, når budsjettforhandlingane snart står for døra. Ho svara at det hadde ho ingen planer om, men ho rekna med at spørsmålet dukka opp på same måte som andre spørsmål når dette arbeidet kjem i gang og det blir spørsmål om innparingar.

Bildeglimt frå brannvernsdagen ved brannstasjonen på Kvanne.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

 

Publisert: 19. september 2015, 22:53