Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Synleg bevis på Todalsfjordprosjektet

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2024

Før helga vart det montert mast for vindmåling på Rakanesset.  Ei 50 meter høg mast skal samle inn vinddata med tanke på brubygging over mot Svinvika. 

Brua over Todalsfjorden slik ho er planlagt – Illustrasjon frå Todalsfjordprosjektet

Masta er kanskje det første synlege beviset på at det er planlagt ei framtid med ein ferjefri Todalsfjord. Traseen med bru over fjoren og tunnel mellom Rakanesset og Ålvundfossen er vedteken av kommunane Surnadal og Sunndal.

Det var Driva.no som først skreiv om saka.

Publisert: 31. august 2024, 08:54