Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Synkehol på plassen framfor Matkroken

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. april 2018

I fjor kom det første synkeholet på plassen framfor Matkroken – det kom i samband med tømming av sand frå avløpskummen. No viser det seg at det var fleire kummar som er skadd, og kummen ved sida av drivstoffpumpa har synket ned mellom 20 og 30 cm.

ved ettersyn av resten av kommene vart det også avdekt at det er skade på fleire, og naudsynd å sette inn tiltak med ein gong for å unngå ytterligare skade. I kveldinga var Per og Arne Gjeldnes i gang med å tiltak for å begrense skadeomfanget, og etter kvart vil alle få kummane på plassen bli reparert slik at dei tåler teleløysinga og større vassmengder.

Kummane ligg såpass djupt at dei blir berørt av grunnvatnet som regulerer seg i tak med flo og fjære. No blir det fylt opp med grov pukk, slik at endringar i grunnvatnet ikkje skal påverke kummane.

Publisert: 3. april 2018, 18:32