Førstkommande onsdag inviterer Koret Prosjekt 17 til ei kveldsstund med kor, trekkspel, allsong og kaffe i Todalen Ungdomshus. – Song er både triveleg og sunt, seier arrangørane og støttar seg på både erfaringar og vitenskapelege undersøkelsar som beviser dette.
Allsongen denne kvelden består av nytt og gammalt, kjent og kjært – både viser og slagerar. Også koret har slagerstoff på programmet, mellom anna frå CD’en «Melodiminne», som dei har gjeve ut. Dessutan framfører dei friske utdrag frå den lokale fjordakabareten «Med segl og Wichmann». Tonefølgje til songane gir Peder Hønsvik på trekkspel – og kanskje serverer han småhistorier, litt tango og solomusikk også.
I kaffepausen er det utlodning.