Trimgruppa i Todalen I.L. melder at dei startar på med sykkeltrim igjen onsdag 15. august. Regisstrering skjer som vanleg på Bordholmen frå kl 18.00 og utover. Det er høve til å sykle dit du vil, men du må innom Bordholmen for registrering. Der reklamerer dei for open koisk med salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar.
Der er det og høve til å kjøpe lodd i Sykkellotteriet som har trekning på siste kvelden med sykketrim i år; 12. sektember. Neste sykkeltrim blir onsdag 29. august, før dei altså rundar av sesongen den 12. september. Finn fram sykkelen og bli med på sykkeltrim i finvêret!