Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sykkeltrim på tiande året.

Sykkeltrim på tiande året.

Elinor Bolme Sundag 8. august 2010

Kvar søndags ettermiddag arrangerer Nordvik Grendalag sykkeltrim. Då er sykkel og trim interesserte samla for ei felles økt med naturleg nok sykling og kaffelag etterpå. Her er det ikkje krav om hverken kondis eller topp utstyr, då det sosiale tel vel så mykje. Likevel er det eit sikkert tegn også  i Todalen og at det er sykling på Nordvik, då det stort sett kvar gong er ein hale av spreke tilårskomne karar som hastar rundt bygda i full fart.

Dei sprekaste som sykla runden om Todalen under dagens etappe. Her ser vi både sprint (grøn)- og klatretrøyer (kvit med raude prikkar). Han i svart trøye var berre på kort tur.

Ellers ser vi og ein som innehar kombinert samanlagt- og ungdomstrøye (gul og kvit).

I år er det 10. året dei held på kunne dei fortelja då todalen.no tok seg ein svipptur utover i kveldssola (som einaste deltakar frå Todalen så langt i år….). Dei har sal av kaffe, bakels og saft annakvar gong som går på rundgang frå gong til gong.

Gjennomsnittleg deltaking ligg rundt 20 stykker per gong, og alle deltakarar noterast for ei spesiell utlodning til slutt. No er det berre fire gongar att i inneverande sesong, og det vart forsiktig antyda at dei kanskje skulle ha den årlege utlodningninga den aller siste gongen, som vert den 5. september.

Publisert: 8. august 2010, 21:05