Onsdag kveld var det nest siste sykkeltrim i TILs regi for i år. Det er Trimgruppa som har arrangert sykkeltrimmen, som har pågått i vår og i haust men som tok ferie i julimånaden. Onsdag kveld var det fleire som nytta finverskvelden til å ta seg ein sykkeltur i den fine haustkvelden, og med traktering med bakels m/graut og kaffe var det reint så triveleg på Bordholmen.
Det var også høve til å kjøpe lodd i sykkellotteriet, som skal ha trekning på neste sykkeltrim den 12. september og som altså er den siste kvelden med sykkeltrim i år.
Her finn du nokre bilder frå sykkeltrimmen onsdag kveld. Alle foto: Jon Olav Ørsal