Hos Svorka skjer det mykje spennenda om dagen. Svorka er i sterk vekst og opplever auka etterspørsel etter tenestene sine, og da spesielt innanfor framtidsretta og berekraftige løysningar som solenergi, ladeanlegg og energirådgjeving, fortel Nils Heggem, dagleg leiar i Svorka Installasjon. For å møte denne etterspørselen lyser dei no ut fire stillingar som elektrikar.
Med lokalt tilhald i Surnadal, Halsa, Rindal og Orkland dekker Svorka Installasjon eit bredt spekter av oppdrag innafor bolig, hytte, landbruk, industri og anna næringsliv.
Svorka- meir enn berre ein arbeidsplass
– Hos Svorka setter vi pris på de over 100 ansatte vi allerede har. Her er vi opptatt av menneskene og å ta vare på det gode arbeidsmiljøet, hvor samarbeid på tvers av fagområder er en naturlig del av hverdagen vår. Dette fellesskapet gjør det enkelt å glede seg til å gå på jobb og har uten tvil bidratt til de gode resultatene vi har oppnådd, fortel Nils Heggem.
Stor variasjon i oppdrag – ikkje berre tradisjonelle installasjonar
Svorka Installasjon kan tilby spennande arbeidsdagar med meir enn berre tradisjonelle installasjonar. Dei er på utkikk etter elektrikarar som ønsker nye utfordringar og som ønsker å jobbe innanfor eit breitt spekter av tenester og produkt.
Med det auka behovet som er for elbil-infrastruktur har Svorka Installasjon mange nye oppdrag innan installasjon og vedlikehald av ladeløysingar for både privat- og bedriftskundar.
Dei har tru på at solenergi blir en del av fremtida sine berekraftige energiløysingar og dei treng difor elektrikarar som ønsker å arbeide innafor dette spennande fagfeltet.
Erik Landsem fortel at Svorka merker ein aukande etterspørsel etter rådgjevingstenester for energieffektivisering og ein dyktig elektrikar kan hjelpe bedrifter til å identifisere moglegheitene for å redusere energiforbruket og auke effektiviteten.
Aka vekst gjev ringverknader lokalt
Med den auka etterspørselen og veksten i Svorka er dei glade for å kunne bidra til lokal sysselsetting og vekst.
– Det er mye spennende som skjer innenfor vår bransje, og vi er på utkikk etter elektrikere som ønsker nye utfordringer og som har lyst til å jobbe i en bedrift som er i vekst og kan tilby mange spennende arbeidsoppgaver, avsluttar Nils Heggem i Svorka Installasjon.