Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka sponsar nett

Elinor Bolme Laurdag 4. juni 2016

I dag var to karar i aksjon på Bordholmen med spade og minigravar. Knut Bergli og Odd Harald Talgø starta torsdag med grøftgraving i forbindelse med innleggjing av breidband til klubbhuset på Bordholmen. Allereie i dag var dei komne så langt at dei held på å grave att igjen. Todalen Idrettslag har etter ønske frå blant anna redaksjonen i todalen.no no oppgradert fasilitetande med gratis nett slik at blant anna redaksjonelle saker under Todalsdagen kan gjerast både raskare og betre. Men Knut ser enno fleire mulegheiter; -no kan det bli fotball på storskjerm etter gubbetrim, med grilling og hygge! Nettet vil åpent og trådlaust for dei som ferdast på anlegget.

bordholmen todalen odd harald talgø minigravar

Odd Harald Talgø styrer gravinga med stø hand. Som de ser har også klubbhuset fått seg ein omgang med målarkosten. Berre to veggar manglar no 2. strøket fortel Knut Bergli.

Det er nemleg plana å bygge stor platting på framsida av klubbhuset med eigen inngang til den ytterste garderoba. Men først er det Svorka sin tur til å ta turen innover for å skyte fiberkabelen som karane no held på å grev ned. Knut fortel at Svorka dekkjer alle kostnadane med fiberen, men at idrettslaget tek arbeidet.

bodholmen svorka fiber

Fiberen må krysse vegen over til Sias for oppkobling. Veggraving tek fagfolk i Gjeldnes Maskin seg av. Dei koplar seg samtidig på inn til sitt verksted.

image

Fine forhold for dugnadsarbeid i dag.

Publisert: 4. juni 2016, 14:53