I det nyaste Svorka-nytt kan vi lesa om at Svorka oppgraderer for tida abonnementa. Dei gamle abonnementa på 1,5-4,5 Mbit (ned-hastigheit) byttes ut med abonnement på 5 og 10 Mbit. Alle abonnement vil normalt bli flyttet over til 5 Mbit fra 1. april, med en prisredusjon for dei som i dag har 3/4,5 Mbit og ei auke for dei med 1,5 Mbit.
Det nye abonnementet for 10 Mbit er det så langt installert utstyr for på Hjellnes, og vil potensielt bli utbygd andre stader i Todalen ved behov. For å få 10 Mbit-abonnement må ein oppgradera antenna, og ein må som sagt ha antenne retta mot Hjellnes. Ein kan òg oppgradera abonnementet før 1. april, ved å kontakta Svorka.