Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka og Todalen IL fornyar sponsoravtale – 3 års avtale frå 2026

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juni 2025

I samband med sponsorsal til Todalsdagen 2025 kom ein hyggeleg kontakt frå konsernleder marknad i Svorka, Linn Hamnes. Svorka har sponsa idrettslaget med breiband på både Bordholmen og i Ungdomshuset sia 2016, men ønska i tillegg å bidra med ein fast treårig pengesum.

– Vi tykkjer sjølvsagt det er viktig å bidra til levande lokalsamfunn i heile marknadsområdet vårt, der både kundane våre og vi sjølv bur. Det har aldri vore muleg utan alle kundane, og heldigvis veit vi at mange tykkjer det er viktig at vi vel lokale aktørar som faktisk bidrar på lokalplanet, seier Linn Hamnes, som samtidig berømmer alle eldsjeler og frivillige som bidreg lokalt.  

Leiar Elinor Bolme i Todalen IL er takknemleg for alle bidrag, men det er ekstra stas når slike «tilbod» kjem på denne måten. Det viser kanskje at den frivillige innsatsen vi legg ned i lokalsamfunnet er synleg utafor Todalen også.  
-Styret vil rydde opp i både sponsoravtaler og stadionskilt på Bordholmen slik at vi får system på det, så det vil kome på plass etter kvart.

Bli med på midtsommarfest – kom på besøk til Svorkas familiedag. Foto Svorka

Midtsommarfest  og familiedag i Surnadal
Vi oppfordrar difor til eit besøk til Svorka på Skei i morgon når Midtsommarfesta går av stabelen.  Sett av laurdag 21. juni – du treffer oss i Svorkabygget der vi arrangerer familiedag i tidsrommet 10-15
Her finn du lærerike aktivitetar frå Vitensenteret – du kan prøve natt-testen, giga-spretterten, straumlabyrinten, balanseøvingar – kort og godt lærerike aktivitetar for heile familien.

Kjør ATV
Dei minste barna får sitte på med ATV med en voksen, og kjøre gjennom ei hinderløype.  Vi byr elles på bakels og kaffe til alle som tar turen innom oss, og barna får is. Alle er hjarteleg velkomne

Publisert: 20. juni 2025, 14:40