I år har Svorka bestemt at alle tilsette skal få kr. 1.000 for å gje til eit ikkje-kommersielt føretak. Sylvia Stokke, konsernleder salg og marked i Svorka, valde å gje si gåve til Todalen sanitetsforening. Dette fekk medlemmene i Todalen sanitetsforening vite under deira juleavslutning i Todalen sanitetshus i går kveld.
Todalen sanitetsforening vil nytte høvet til å takke for gåva frå Sylvia og Svorka, samtidig som dei takkar alle andre for støtte og deltaking gjennom 2021!