I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.
Utfordringar og mål
Norge står overfor store utfordringar med å skaffe tilstrekkeleg med fornybar kraft og utvikle naudsynt strømnett til dette. Energikommisjonen sin rapport frå januar 2023 peikar på at vi treng 40 TWh fornybar kraft innan 2030, samt å spare 20 TWh innan same tidsrom. Statnett advarer om at vi innan 2027 kan produsere mindre kraft enn vi brukar, noko som krev betre samarbeid mellom myndighetne, byråkratiet og bransjen.
3 nye vasskraftverk
Svorka har i 2023 starta bygginga av tre nye kraftverk i sin region. Dei har også sendt inn fire konsesjonssøknadar til NVE, men prosessen tek dessverre tolv måneder før ein saksbehandsamar blir tildelt i slike saker. «Dette meiner vi er svært uheldig med tanke på de utfordringene vi står overfor, seier Svorka i pressemeldinga. «Vi er klare til å bidra med mer kraftproduksjon for å møte fremtidens energibehov», heiter det vidare.
Vekst og forbetringar
2023 vart eit godt år med stor vekst for Svorka. Dei har opplevd problem med overgangen til Telia, noko som har påverk TV-tenestene deira. Likevel har nye oppgraderingar og maskinvare frå Telia betra tenesten for Svorka sine kundar. Svorka held fram samarbeide med Telia for å sikre at denne positive trenden fortsett også i tida framover.
Svorka har også hatt ein imponerende vekst innan fiber og straum. Over 1.000 nye straumkundar har valt Svorka i 2023, noko som er ein rekordvekst for dei. Dette har styrket posisjon deira, spesielt sør for Trondheim.
Strategisk satsing
Gjennom prosjektet Svorka 2025 har dei utvikla ei strategisk plattform som sett kunden i sentrum med fokus på energismarte løysingar. Målet er å gjere Svorka meir attraktive enn konkurentane og sikre fortsatt kundevekst og kundetilfredsheit.
Nest beste resultat i selskapet si historie
Svorka har i 2023 levert det nest beste resultatet i selskapet s historie. Dei har dobla kundeportefølja si dei siste åra og nærmar seg 14 000 breibandskundar, med totalt 16 – 17.000 unike kundar. Dei har styrka seg som selskap, og investert 115 millionar kroner i 2023, noko som gjer dei til ein av dei største investorane på Indre Nordmøre. Svorka sine investeringer skaper verdiar for lokalsamfunnet og eigarane deira, og dei bidreg betydeleg til det lokale næringslivet med kjøp av varer og tenester.
Svorka tek ansvar i lokalmiljøet gjennom betydelege bidrag til lokale organisasjonar og arrangement. Totalt har Svorka i 2023 bidrege med rundt 2 millionar kroner til gode formål i regionen.
15 MNOK i utbytte til lokale eiere
Svorka bidreg også med utbytte og renter på ansvarlege lån til eigarane Surnadal kommune, Rindal kommune, Heim kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vidare bidreg dei med eigedomsskatt til alle eigarkommunane, samt konsesjonskraft til Surnadal og Heim kommunar. Totalt har Svorka bidrege med 15 millionar til sine eigarar i 2023.
Takk til samarbeidspartnarar og kundar
«Vi takker våre samarbeidspartnere og kunder som velger Svorka,» sier konsernsjef Halvard Fjeldvær. «Deres støtte er avgjørende for vår suksess og vekst.», heiter det til slutt i pressemeldinga frå Svorka.