Svorka inviterer onsdag til to informasjonsmøter om Norgespris. Det første informasjonsmøtet tek til klokka 10:00 på Surnadal kulturhus og er spesielt tilrettelagt for dei som brukar teleslynge. Det andre møtet er på klokka 14:00 på Svorka-bygget.
På informasjonsmøtet får ein vite meir om kva Norgespris går ut på. Bakgrunnen er at ein frå 1. oktober kan velge mellom to straumstøtteordningar, Norgespris eller dagnes straumstøtteordning.
På informasjonsmøtet forklarer Svorka kva Norgespris er, når det kan løne seg, kva som er forskjellen på dei to ordningane og kva ein bør tenke på før ein vel ordning.
Ein vil også få litt informasjon om Svorka-appen og korleis denne kan hjelpe til med å spare straum.
Det blir enkel servering på båe informasjonsmøta.
Lenke til påmeldingsskjemaet finn ein på svorka-infomote-norgespris.paperform.co/
Svorka ønsker alle interesserte velkommen på informasjonsmøta onsdag!