Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka informerte om Norgespris

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. september 2025

Onsdag orienterte Svorka om den nye staumstøtteordninga Norgespris som blir tilgjengeleg frå onsdag 1. oktoober. Prisen på Norgespris vil vere 50 øre med tillegg for kraftselskapa sitt prispåslag og nettleige. Det første informasjonsmøtet var i Svorkasalen på Surnadl kulturus, og det andre på Svorka-bygget. 

Fra og med 1. oktober kan du som straumkunde velge mellom to straumstøtteordningar:

  • · Dagens strømstøtteordning, som har vært gjeldende siden 2021
  • · Den nye ordningen Norgespris som trer i kraft fra 1. oktober

Det er viktig å vere klar over at Norgespris ikkje er ein straumavtale, men ei statleg støtteordning. Ein må framleis ha ein vanleg straumavtale for å få levert straum.

Svorka ønsker å gje god informasjon om Norgespris, slik at kundane kan ta det valget som passer best for den enkelte. Dette var bakgrunnen for dei to informasjonsmøta onsdag.

I vårt prisområde (NO3) er ekspertane usikre på om Norgespris faktisk vil lønne seg. Mange av råda ein kan lese i nasjonale medier er basert på andre prisområder (NO1, NO2 og NO5), der situasjonen prismessig kan vare ein annan.

– Svorka tjener ikke på om du velger Norgespris eller dagens strømstøtteordning, vi vil bare at du skal ha nok informasjon til å velge det som passer deg best, seier Linn Hamnes, konsernleiar marked i Svorka.

Sett deg inn i straumstøtteordningane før du gjer valet

Norgespris gir deg ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva.) gjennom heile avtaleperioden. Det gir forutsigbarheit, men husk at ordninga har bindingstid. Eksempel: Bestiller ein Norgespris 1. november 2025, gjeld ordninga fram til 31. desember 2026.

Dagens straumstøtteordning fungerer som ei «prisforsikring» mot dei høgaste straumprisane. Ein betaler marknadspris time for time, men får støtte frå staten (avrekna gjennom nettleia) når prisen overstig eit visst nivå. Denne ordningen har inga bindingstid og blir aktivert automatisk, men ein kan ikkje kombinere denne ordninga med Norgespris.

Konsernleiar Marked, Linn Hamnes og systemleiar S-Nett, Trygve Holten orienterte om Norgespris. Foto: B G Ansnes

Vil Norgespris lønne seg for oss som bor i Midt-Norge?

Mange nasjonale medier konkluderer med at Norgespris løner seg, men dette avheng av kvar du bor. Norge er delt inn i fem prisområder, og vi som bor i Midt-Norge tilhøyrer prisområde NO3.

Ekspertene baserer sine anbefalingar på historiske straumpriser, og konklusjonen er ofte:

  • Anbefalt i Sørøst-, Sørvest- og Vest-Norge
  • Fråråda i Nord-Norge
  • Uavklart for Midt-Norge – her er ekspertene meir avventende

Framtidige straumpriser kan ingen spå. Bruk gjerne «strømkalkulatorar» på nett for å rekne på kva som kan løne seg for ditt kundeforhold,  men ver klar over at desse også kun bygger på historiske data.

Historisk låge prisar – men kva med fremtida?

Så langt i år har Midt-Norge hatt ein gjennomsnittleg spotpris på 21,83 øre/kWh, noko som er eit historisk lågt nivå. Til samanlikning har Sørvest-Norge hatt eit snitt på 93,43 øre/kWh.

– Vi må helt tilbake til 2020 for å finne så lave strømprisar i Midt-Norge, sier Hamnes.

Spotpris per måned 2025 prisområde Midt-Norge

Kilde: https://minspotpris.no/historiskepriser

– Det å spå fremtidige strømpriser er vanskelig, legg ho til,

Ho peikar også på at den nye kabelen frå Sognefjorden kan påverke prisane i vårt område. Fleire ekspertar meiner dette kan gje høgare straumpriser i Midt-Norge framover.

Faktaboks: Norgespris


· Fast strømpris: 50 øre/kWh (inkl. mva.)

· Statlig støtteordning, alternativ til dagens strømstøtte

· Gjelder opptil 5 000 kWh/md (bolig) og 1 000 kWh/md (hytte)

· Bindingstid frem til 31.12.2026

· Du beholder din vanlige strømavtale

· Offentlige avgifter, nettleie og påslag fra strømavtalen kommer i tillegg


Hva er spotpris?

Spotpris er den gjeldende prisen per kilowattime (kWh) strøm, som fastsettes fra time til time på kraftbørsen, Nord Pool, basert på samspillet mellom tilbud og etterspørsel i det nordiske/nordeuropeiske kraftmarkedet. Denne prisen kan variere fra dag til dag og fra time til time, og den påvirkes av eksterne faktorer som værforhold, vann i magasinene, og generelt strømforbruk. I en spotprisavtale betaler du den faktiske markedsprisen, pluss et påslag og en eventuell fast månedlig avgift fra strømleverandøren din.


Les meir om Norgespris og evetuelt bestill på Svorka sine nettsider

Publisert: 25. september 2025, 12:04