Auka satsing på innovasjon og fiber er satsingsområde for Svorka når dei skal førebu seg på framtida. – Vi jobbar i ein bransje med ny teknologi og store endringar. Endringane skjer fort, og det vil gje os store utfordingar, seier Halvard Fjellvær som er leiar i Svorka.
Digitaliseringa vil prege vår elektriske kvardag – i 2018 vil alle husstandar i vår region få nye straummålarar, og det vil gje oss nye mulegheiter. Spørsmålet er korleis Svorka skal utnytte desse mulegheitene som gir oss endra føresetnad? – Kanskje får vi teknologi eller ein app som skiftar straumleverandør automatisk? – Svorka tek dette på alvor, og har styrka innovasjonsarbeidet. Frå 1. februar har Håkon Solvik fått ansvaret for å leie dette arbeidet i Svorka, i ei nyoppretta stilling som innovasjonsdirektør.
Svorka vil mellom anna auke satsinga på fiber. Dei næraste åra vil det bli satsa 80 mill. i ny infrastruktur i fibernettet. Som lokal leverandør vil Svorka sørgje for å levere breiband til flest muleg i eigarkommunane Halsa, Rindal og Surnadal, men vil også utvide marknaden mot Orkdal. Det vil sikre vekst dei komande åra, – og det er viktig å gjera denne satsinga no, før det er for seint, seier den nye innovasjonsdirektøren.
– Vi opplever at kravet til breibandskapasitet aukar jamt og trutt. Svorka leverer i dag 100 Mbit/s til alle fiberkundar, og det er eit ettertrakta produkt som det er stor interesse for, seier Solvik, som er sikker på at det er fiber som er framtida.
– Vi vil også i framtida å være ein lokal leverandør som er slagkraftig, og satsar difor på innovasjon og vekst innan fiber som ein viktig del for utviklinga av Svorka, seier Fjeldvær avslutningsvis.
Fakta om Svorka:
- Svorka har i dag 5 satsingsområde: Nett, breiband, straumsal, energiproduksjon og installasjon.
- Talet på tilsette er 80, men i tillegg er det eit 20-tal som er leid inn til linjerydding og liknande.
- Talet på kundar er ca 10.000
- Omsetning kr 200 mill.
- Lokale kjøp av varer og tenester: kr 40-50 mill.
- Lokal sponsing kr 1,0 mill.
- Direkte verdiskaping eigarar: kr 12 mill.