Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka: Fiber til Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2013

Svorka Aksess er no i ferd med å nå Todalen med fiberkabel. Den siste tida har det vore kabelstrekkjing innover stranda og dei er no komne til Kvennset. Det er i første omgang ei stamlinje opp til Bruset/Todalshytta, med ei grein nedover til Todalsøra.

Arbeidet med stamlinja vil bli sluttført no i haust, fortel dagleg leiar Håkon Solvik i Svorka Aksess. Det er Oslofirmaet One Nordic som utfører arbeidet med stamlinja for Svorka Aksess, og dei rekna med å bli ferdig med sin del av prosjektet denne veka. Stamlinja følgjer høgspentlinja som går frå Surnadal og innover til Todalen.

Kim kristensen og Adrian Nadheim frå firmaet ONE nordic reknar med å bli ferdig med stamlinja for fibernettet denne veka. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vidare arbeidet med utbyggjinga av fibernetter kjem først til våren eller sommaren. Stamlinja skal graves ned gjennom Kvennsetøran boligfelt, og da vil det samtidig bli bygd spredenett der. I løpet av vinteren vil det blir framført fibernett til Rossåa settefiskanlegg, der Statkraft er eigar. Dei har delteke i finansieringa av prosjektet, fortel Solvik. På Halset står Netcom sin basestasjon og ventar på fiber. Den er nyleg oppgradert, og har idag 3G-hastighet i påvente av tilgang på fiberhastigheit. Netcom er tilbydd fiberdekning frå Svorka, og dersom dei nyttar seg av dette tilbodet, er Netcombasen alt oppgrader til å fungere med 4G-fart på det trådlause bredbandet til Netcom.

Den vidare utbyggjinga av det fiberbaserte breibandet vil tidlegast starte neste sommar. Kor stor interesse det er for fiber vil bli avgjerande for den vidare utbyggjinga, seier Solvik. Han seier vidare at det er ein fordel om folk i grendene oppover bygda samarbeider litt med tanke på samla utbyggjing. Dersom eit titals abonnentar byggjer ut samtidig, vil det ha stor betydning for prisen. Han reknar med at privatabonnentar må betale eit anleggsbidrag på 3-5000 kroner for å få fiber på veggen.  Breibandsabonnenementet kostar i dag 599 pr månad, og da er det teke høgde for ei hastigheit på 30/30 Mbits/s, og inkluderer kabel-TV med CanalDigitals grunnpakke. Her kan ein også kople til IP-telefoni. Dette kan du lese meir om på Svorkas nettsider.

 

 

 

Først publisert: 11. november 2013, 14:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:49