Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka etablerer Svorka Installasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. februar 2023

I ei pressemelding frå Svorka no på sein føremiddagen, blir vi informert om at Svorka Installasjon blir etablert og vil vere operativt frå 1. september i år. Dette skjer gjennom ei samanslåing av El-Co og Real Installasjon, to selskap Svorka har eig hundre prosent av sidan i fjor haust. Svorka Installasjon vil ha hovudkontor i Rindal, med avdelingskontor i Surnadal, Meldal og på Orkanger.

 «I dag leverer vi i hovedsak internett og strøm, men vi ønsker å levere flere tjenester, som sol og el-billadere til våre kunder. Vi har etter hvert fått et stort markedsområde, som strekker seg fra Halsafjorden og inn til Klett og Midtre Gauldal, sør for Trondheim», seier konsernsjef i Svorka, Halvard Fjeldvær.

«Skal vi kunne være lokale i hele området, er det bedre å kunne profilere ett merkenavn – Svorka. Det gjør det lettere for kundene våre også», fortsett han

Nils Heggem, frå Rindal, blir dagleg leiar for Svorka Installasjon. Han ser også at etableringa av det nye selskapet har fleire fordelar.

«Kundene vil nå få ett selskap å forholde seg til fra A til Å. Svorka blir i tillegg komplett leverandør fra kjøp til ferdig installert løsning. Dette vil gjøre hverdagen enklere for kundene, men også for oss. Nå får vi flere folk og vi blir godt rustet til å møte den økte konkurransen», seier Heggem.

Svorka har dei siste åra utvida produkt- og tenestene-porteføljen sin, og leverer i dag både elbil-ladarar, solcelleanlegg, straum, internett og varmepumper. Installeringa av desse produkta er det Svorka Installasjon som skal stå for. Det ser allereie no ut til at det vil vere stort behov for fleire tilsette i arbeidsstokken. Heggem ser for seg 5-10 nye stillingar. Dei nye stillingane vil i hovudsak gjelde fagfolk innafor telekommunikasjon og elektro, men det blir også stort behov for prosjektleiarar.

Svorka Installasjon vil få nok å henge fingrane i, ikkje minst med satsinga som no er på solcelleanlegg.

Solcelleanlegg er eitt av dei nyaste produkta Svorka no tilbyr , og interessa har så langt stor. Spesielt no med mykje merksemd rundt kraftmangel og høge straumprisar, Det er difor mange som ser seg om etter meir energismarte løysingar.

Svorka Installasjon vil, som sagt vere operativt først frå 1. september i år. Arbeidet med etableringa skal ikkje kundane legge noko merke til, da både El-Co og Real Installasjon vil fungere som vanlig frem til 1.september, blir det understreka i pressemeldinga.

El-Co og Real Installasjon har i dag til saman 30 tilsette og ei årleg omsetning på rundt 40 millionar. 

 

 

Publisert: 7. februar 2023, 15:49