Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka Aksess oppgraderer i dag…

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2014

Dersom du har problem med å kome inn på internett i dag, så har det kanskje si naturlege forklaring. Svorka er nemleg igang med å oppgradere nettet og dei har varsla at det kan bli korte brudd i sambandet for kundane i Todalen, Kvanne og Lykkjebygda. I tillegg har det vore feil på basestasjonen på Reiret/Talgøsetra. Etter omkoblinga er det også nødvendig å ha oppgradert router for deg som er «trådlaus».

Alle som har behov for å bytte eller stille om routeren har fått ny tilsendt frå Svorka Aksess. Etter at Svorka Aksess har gjort seg ferdig med oppgraderinga er det heilt nødvendig å ha bytta eller stillt om routeren for å få kontakt. Dersom du har problem med dette er det berre å ringe Svorka Aksess for å få gode råd for korleis dette kan ordnes. Svorka Aksess kundeservice når du på telefon 07165.

 

Publisert: 13. januar 2014, 13:54