Laurdag 10. mai kl 12 er det klart for sesongåpning i Svinviks arboret. Ein unormal vinter gjer det spennande å ta fatt på ein ny sesong i den gamle botaniske hagen kjent for fleire hundre artar og kultivarar av rododendron, eit stort utval bartre og mange uvanlege og eksotiske lauvtre og prydbuskar.
Onsdag 7. mai kl. 18.00 held Surnadal hagelag sin årlege vårdugnad i arboretet. Her er det berre å ta med hageredskap og rive for å delta i vårpussen.
For meir info om den nydelege hageperla i Svinvika, anbefales Nordmøre Museum si eiga side om hagen: Svinviks Arboret
Nordmøre museum er ein stiftelse der alle 11 nordmørskommuner med dei fleste museum er med. Stiftelsen eig anlegga i Kristiansund, medan dei andre museea på Nordmøre er eid lokalt, men blir drive av Nordmøre museum. Prisar og generell info om Svinviks arboret og Museumet på Åsen for 2014 finn du her: surnadal_museum_infoark_2014_