Fredag 20. mai var første opningsdag for Svinviks Arboret i – alt første opningshelga er det venta eit bra innrykk med folk som vi ha med seg rododendronblomstringa i arboretet. Blomstringa er alt i gang, men det kalde vårvêret som har vore har gjort at blomstringa langt i frå har nådd toppen enno. Men kjem varmen for fullt no, så vil det nok sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinviks Arboret.
Ho fortel at det i arboreetet finns over 400 forskjellige sortar rododendron og at det berre er dei tidlegaste sortane som no er komne i blomstring – og at det blir blomstring lenge utover ettersom det er variasjonar i blomstringstid for dei forskjellige sortane. I frukthagen er det lite blomstring i år, etter at det var ein «kronår» i fjor. Men Katharina fortel at rundt 90 % av dei gamle sortane no er på plass i hagen som også fungerer som ein genbank. Nokre plommesortar manglar enno, så arbeidet er ikkje fullført enno.
I år har dei forresten gjort ein insat for å få fram fleire av den stadeigne sorten «Rododendron Gjengsto» som hallvard i si tid odla fram. Dei har prøva fleire metodar, mellom anna poding, og er no spente på om dei vil lykkast, fortel Katharina. Dersom dei lykkast med dette arbeidet har dei planar som å selge ledig produksjon av den lokale varianten.
Normal opningstid for Svinviks arboret er i år tysdag til søndag mellom 11:00 og 16:00. Men i pinsehelga (første helga i juni) er arboretet ope heile helga – også 2. pinsedag som er måndag. Ope er det også på Kr. himmelfartsdag som er torsdag 26. mai.