Laurdag var det ein liten tjuvstart på sommarsesongen i svinviks arboret. Arboretet skal i sommar jobbe med restaurering av den gamle frukthagen, og i samband med dette prosjektet var det «podar-dag» med kurs i poding av frukttrær. Her var det fritt fram for alle for å delta og lære om poding, og læremeister var Per Arne Myraunet på Hellberg Gard på Frosta.
![Catarina_Velkomen_7231](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/03/Catarina_Velkomen_7231.jpg)
Fagansvarleg Katarina Wedelsbäck-Bladh ønskjer kursdeltakarane velkome til kur i poding av frukttrær. Foto: Jon Olav Ørsal
Myraunet, som driv med turisme og fruktdyrking på Hellberg gard driv med frukt som han foredlar til syltetøy, juice og saft som han og kona Anne-Grete sel til turistar og på messer. Dei hadde laga ein stand i kafeen på arboretet, der dei viste fram hadde sal av produkta til dei som var interessert.
Eit tital interesserte var møtt fram for å lære om poding av frukttre og teknikkar i dette faget. Dette er eit arbeid og ein teknikk som krev nøyaktighet når du skal pode ei fruktbuske på ny grunnstamme for å få eit fruktbærande tre. Myraune demnstrerte og fortalte om teknikken og kva det viktig å passe på for å få eit godt resultat. Kvisting bør skje når trea enno er i kvile (januar – mars) og når podinga er utført kjem voksteren med varmen og lyset etter kvart.
![Poding5Voks_7252](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/03/Poding5Voks_7252.jpg)
Etter at podinga er gjennomført og grunnstammen og kvisten er bunde saman blir «såret» tetta med podevoks, slik at det blir tett. Foto: Jon Olav Ørsal
Som sagt hadde dette kurset samanheng med «prosjekt frukthage» i arboretet. I frukthagen var det tidlegare 65 sortear epler, 23 sorter plommer og 15 sortar pærer. Enkelte av desse sortane har no gått ut eller skal byttes ut med nye tre i løpet av sesongen, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet. Ho meinte det var vanskeleg å erstatte alle sortane, men dette skal skje så langt det går. Men det er berre sortar som tidlegare har vore i arboretet som vil bli planta ut på nytt.
![DSC_7226](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/03/DSC_7226.jpg)
Sel eigne produkt frå hellberg Gard. Anne-Grete Myraunet byr fram produkta sine til Sven Olav svinvik. Foto: Jon Olav Ørsal