Laurdag 10. mai kl 12 er det klart for sesongstart i Svinviks arboret. Da er Maja Frønes og Katarina Wedelsbäck-Bladh klare til å ta i mot dei første besøkande i år. Det er no på det næraste full blomstring i arboretet, og dei alle første blomstrane kom alt i februar, fortel Katharina som er fagleg ansvarleg for arboretet. At blomstringa startar så tidleg er nok spesielt i år, med lite snø og varmen som kom tidleg.

Laurdag opnar Svinviks arboret som alt er i full blomstring, fortel Maja Frønes og Katarina Wedelsbäck-Bladh. Foto: Jon Olav Ørsal
Som sagt er både Rododendron og andre planter godt i gang med blomstringa, og det er mange fine blomstrar som er komne alt frå opningsdagen. I kafeterian dei også klare til innrykk, og det skal bli både ein kaffedråpe og noko fristande å bite i fortel Maja Frønes, som er avdelingleiar og har ansvaret både for Surnadal museum og Svinviks arboret. Det har vore lite vinsterskade i arboretet i år, men blåbær- og tyttebærlyngen er skadd der også, slik som andre plassar.

Eksotisk! – Snart er det mogne druer i drivhuset, viser Ola Bruset som er vaktmester i Svinviks arboret. Foto: Jon Olav Ørsal
I drivhuset er alt druene kome så langt at nokre alt har fått litt blåfarge, og dei er nok mogne om et par vekers tid, seier Ola Bruset, som er vaktmeister i arboretet.
Ta turen til arboretet, som er ope onsdag – søndag mellom kl 12-17 i perioden 10. april til 10. august. Arborete er langope onsdagar i juli mellom kl 12-20.