Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.

Vinteren har vore lang og kald, men no er blomstringa i gang, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet. Foto. Jon Olav Ørsal
I arboretet finns det rundt 400 forskjellige slag med rododendron, og nokre av dei er alt komne i blomstring. Denne vinteren har forresten vore litt spesiell, fortel fagleg ansvarleg Katarina Wedelsbäck Bladh. Uvanleg lang og kald vinter, med tørke og frost så seint som i mars har ført til skade på ein del rododendron både i arboretet og i private hagar i området. Dette har og ført til at rododendron er litt seint ut med blomstringa, men no er dei tidlegaste sortane komne i gang.
Dagleg leiar i Svinviks arboret fortel at dei alt første dagen får besøk av den første gruppa som skal ha omvising i arboretet, og det strøyma på med folk utover første opningsdagen. Hektisk var det også i kafeteriaen der Hilde Staveli Solli og Sara Forslund skal råde grunnen i sommar. Her var den første eplekaka kome ut frå steikeomnen, og klar for servering til kaffetørste gjestar på besøk i arboretet.

Sara Forslund og Hilde Staveli Solli skal råde grunnen i kafeteriaen i sommar – og dei kjem nok til å ha noko godt til kaffen. Foto. Jon Olav Ørsal
Maja fortel at dei arboretet har mykje å by på i sommar, da det skal være konsert i samband med Vårsøghelga. Dei kan også by på ny informasjonsbrosjyre om arboretet som er i trykken og som får premiere i løpet av neste veke.