I helga opnar Svinviks Arboret porten for ein ny sommarseong. Den siste månaden har dei tilsette jobba for å få i stand alt til opninga, og onsdag kveld var det dugnad saman med hagelaget for å få unna den siste finpussen.
I sommar blir arboretet ope onsdag til søndag, frå kl 11 til 16. – Unntak er på grunnlovsdagen 17. mai og Kristi himmelfartsdag, da er arboretet stengt. Derimot er arboretet ope heile pinsehelga, sjølv om 2. pinsedag kjem på måndag, fortel Maja Frønes i Svinviks arboret.
Bildeglimt frå onsdagens dugnad i Svinviks arboret. Alle foto: Jon Olav Ørsal