Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret – ein nydeleg plass

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. august 2023

Ane Thingstad har arbeidd i kaffeen i arboretet i sommar, og synest ho har hatt den beste sommarjobben som tenkjast kan.

Ane fortel at det har vore masse folk i arboretet og i kaffeen i sommar, dette til tross for at veret har vore så ymse med mange grå og våte dagar. Folk utstyrt med støvlar og regnklede har vandra rundt i hagen, gått Svinvikrunden, kjøpt kaffe og kaker og kosa seg. Og Ane skryter av gjestene; berre hyggelege folk! Som vanleg var det flest gjester i mai og juni da rododendronblomstringa er på det finaste og mest fargerik. Da var det også mange busslastar med hageinteresserte; og det var rimeleg travelt da dei ein dag tok i mot ein busslast med heile 80 gjester! Men med god planlegging og organisering gjekk det godt! Maja Frønes og Katarina Wedelsbäck Bladh har ansvar for hagedrift og omvisningar, medan Ane styrer i kaffeen. Og i kaffeen er det velsmakande og heimebakte kaker; vel verdt eit besøk i seg sjølv.

Ingeborg Bruset og Kjellrun Heggem kombinerte trimtur med besøk i arboretet. Dei syntest at både kaker og kaffe smaka riktig godt. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Mormor og farmor Dordi Fedje i lag med barnebarna Louise og Øyvor. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ane er frå Trondheim, men ho er lokalkjent i området da familien har hytte i Todalen. Ho har  mange gode minne frå familieferiane her, og kvar sommar har familien besøkt arboretet. Ane synest Svinvika er ein utruleg fin plass med ei spennande og interessant historie.

No skal Ane tilbake til Ås; ho studerer plantevitenskap ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet – NMBU. Der har to år igjen. Ho trivst svært godt både med studia og studentmiljøet på Ås. Ho kan til og med fortelje at ho har meldt seg inn i leikarring og driv og lærer seg Polsdans frå Nordmøre i tradisjon frå Todalen!

No håpar ho på god eplehaust, slik at det kan bli både saft og syltety til neste sesong. Arboretet har nyleg kjøpt seg fruktpresse! Ane er så godt fornøgd med jobben i arboretet at ho håpar å kome att neste sommar.

todalen.no takkar for triveleg prat og ønsker Ane Thingstad til lykke med dei siste studieåra!

Arbeid er i gang med å gjere hagen blomsterrik etter rododendronblomstringa. Fine georginer i full blomstring no. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Også «gammeldagse» planter, nemleg graniumar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Det går mot haust i arboretet! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Svinviks arboret er medlem i todalen.no.

Publisert: 6. august 2023, 17:37