Det uvanleg milde vintervêret med mykje regn har gjort at all snø og is er borte i gammelvegen der Svinvikrunden går. Etter trimboka å dømme var det mange som nytta høvet til ein barmarkstur på laurdag, og dersom vêrmeldinga på yr.no treffer på så blir det mildvêr i komande veke. Dermed kan vi anbefale å ta turen til fots!
Vêrmeldinga byr på litt nedbør innimellom, men kler du deg godt så er ikkje det noko problem. – Det er nok kort lysdag enno, men dersom du vil ta turen på kveldstid, så er det nok berre å finne fram hode lykta!

Her startar du – på plakaten på muren finn du litt interessant info om både gamle og nye vegar gjennom området. Foto: Jon Olav Ørsal

Turboka for Stikk UT ligg i kassen, så dersom du vil kan du registrere turen, sjølv om det er utenom Stikk UT-sesongen. Foto: Jon Olav Ørsal