Fredag kveld melder Stikk UT!-kontakt Norunn Holten at Svinvikrunden er open for vanleg ferdsel igjen. Det var synfaring i berget ovanfor stien fredag ettermiddag. Da vart ei steinblokk brote laus, ho rasa ned og tok med seg litt av rekkverket. Det er ikkje observert fleire lause steinar eller laus masse i overhenget.
Stien er rydda slik at det er godt framkomeleg, men steinane etter raset blir liggjande i stien ei vekes tid i påvente av gravemaskin.
Når ein ferdast attmed berg/fjell med overheng, er det alltid ein viss fare for steinsprang, minner Norunn Holten om. Dei fleste steinspranga kjem om våren p.g.a. frostsprenging.