Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svingande rytmer og godlyd på gospelkonserten

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mars 2025

Det svinga frå fotballpausemuikk til gudstenestemusikk da gospelkoret Gospel Explosion Trondheim gjesta Stangvik kyrkje med sin konsert i går kveld. Tilsaman var det eit 50-tals korsongarar som deltok i korsongen i kyrkja og du verden det var flott å være tilhørar – her var det berre å nyte korsongen i langdrag. 

Korets dirigent Leif Ingvald Skaug fortalte at gospelsongen egentleg er kyrkjemusikk, men den kan brukast til alt, og Skaug klarte å engasjere publikum til å vare med og delta.  Det er heilt utruleg kor «mykje lyd» det blir når eit kor på 50-60 medlemar syng og får hjelp til refrenget frå 3-400 publikumarar.  Koret varierte bruken av solistar alt etter kva songar som vart bruka, og det vart ei fntastisk oppleving å være publikum i kyrkje denne kvelden.

Dirigent for Gospel Explosion Trondheim er Leif Ingvald Skaug. Foto Jon Olav Ørsal

Halvanna time gikk veldig fort, og avslutninga kom før vi fikk sukk for oss.  Kyrkjeverge Tor Rune Halset takka for flott underhaldning med ei bokgåve og litt snadder til bussturen heimover.  Det skjedde på kav surnadalsdialekt som Skaug egentleg forstod lite av.  Vi må iallfall gje skryt til gospelkoret – det var klarstemte songarar som klarte å fylle det store kyrkjerommet med gospelsong – det gjorde eit stort inntrykk på oss som var publikum.  

Mange av kormedlemane var solistar i tur og orden. Foto Jon Olav Ørsal

Kyrkjeverge Tor Rune Halset takka koret og skrytte uhemma av dei. Foto Jon Olav Ørsal

Tor Rune hadde ei bokgåve – og litt snadder til heimturen til koret. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. mars 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 16. mars 2025, 20:30