På Todalen bøgdalag sitt årsmøte i kveld, vart Svein Håvard Brøndbo valt til leiar. Han overtek etter Bjørn Gunnar Ansnes.
Første sak på saklista var årsmelding. Aktiviteten i bøgdalaget har ikkje vore all verden det siste året, men hengebrua er reparert, det har vore ryddedugnad før 17.mai og sjølvsagt julegate med lotteri. Elles har bøgdalaget engasjert seg i saker som etterbruk av skulebygget, Øyabrua og fylkesvegstandarden.
Bøgdalaget har også engasjert seg for å få reetablert hytterenovasjon i bygda, noko som er vedteke skal kome på plass att i løpet av første halvår i år.
Rekneskapen for Todalen bøgdalag viser eit underskot på 1.400,- kroner. Dette blir dekt inn med bruk av eigenkapital, og skuldast at det vart kjøpt inn nye juletre til julegata i 2022. Laget hadde ved årsskiftet ein samla kapital på knappe 55.000,- kroner.
Siste post på saklista var val. Valet fekk dette resultatet:
- Leiar, valt for 1 år: Svein Håvard Brøndbo (ny)
- Nestleiar, ikkje på val: Øystein Moe
- Sekretær, valt for 2 år: Anne-Berit Kvendset (ny)
- Kasserar, valt for 2 år: Kjetil Sogge (ny)
- Styremedlem for 1 år: Bjørn Gunnar Ansnes
- 1.vara, valt for 2 år:: Ola Haugen Ansnes
- 2.vara, ikkje på val: Jo Gjeldnes
Elles vart Jostein Bruset og Ola Dalsegg attvald som valnemnd.
Revisor Finn Ranes attvalt for 1 år.
Jostein Bruset, Ragnhild Ansnes Moe og Julia Halle gjekk ut av styret.