Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sveen utvidar – nyopninga blir i mars

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2014

Sveen satsar på framtida og utvider både bilverkstad, butikk og den mekaniske verkstaden. Når du er bilforhandlar settes det strenge krav til både bilar, salslokaler og verkstadet, fortel Svein Mogstad hos Sveen Auto. I vinter har det pågått ombygging og utviding av lokalene i Industrivegen, og her skal det bli meir plass og meir praktiske lokaler for alle. Byggearbeidet er snart ferdig, og i løpet av mars blir det nyopning. Vi gler oss, seier Svein Mogstad som er verksmester hos Sveen Auto AS.

Sveen_mekanikere_8675

Bilverkstaden er flytta over i nylokala, men det er framleis mykje utstyr som må flyttast og monterast. Frå venstre Emil Buvarp, Svein Mogstad, Ingebrigt Aune og Harry Ansnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nemleg to firma som held til i lokalane. Det er Sveen Auto AS, som er forhandler av Volkswagen og som driver bilverksted for personbiler her. I tillegg har Sveen Mekaniske As tilhald i bygget. Det store nybygget har plass for nytt mekanisk versktad, medan den gamle mekaniske verkstaden er gjort om til ny bilverkstad. Salgshallen er utvida og har fått ny fasade. Tilsaman er lokala utvida med knappe 1000 m2 for heile bygget.

Sveen Mekaniske er alt på plass i nylokala. Dei driv med reparasjonar av grovare maskiner som gravemaskiner, samt sveising av stålkonstruksjonar til tak og vegger i større bygg og anlegg. Bilverkstaden har også flytta over,  og er på eit provisorisk vis etablert i nylokala. Men det er enno mykje utstyr som skal monterast før det er klart for nyopning ein gong i mars månad. Tilsaman er det rundt 25 arbeidsplassar i dei to selskapa som no utvider og satsar på framtida.

SveenNybygg_8677

I nybygget til venstre i bildet har Sveen Mekaniske AS tilhald. Til høgre i bildet ser vi den nye salgshallen. Foto: Jon Olav Ørsal

SveenMekVerksted_8667

Frå den verkstedhallen til Sveen Mekaniske. Foto: Jon Olav Ørsal

SveenBilverksted_8665

Sveen Auto har flytta bilverkstaden til den gamle mekaniske verkstaden, og fått mykje meir plass. Foto: Jon Olav Ørsal

Sveen_IngebrigtAune_8670

Ingebrigt Aune sjekkar diagnosen for Passaten som er inne til service. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 13. februar 2014, 21:47